For snart tre år sidan fekk eit utval i oppdrag å legge fram eit forslag til ein lov som skal erstatte kulturminnelova, som er frå 1978. Utvalet la måndag fram utgreiinga si, der dei mellom anna foreslår å fjerne ordninga med to nivå av vern for kyrkjer (freding og såkalla listeføring).
I dag er systemet slik:
Kan fortsatt frede gjennom vedtak
Ved ynskje om endringar på bygget, er det i dag Riksantikvaren som godkjenner dersom det gjeld ei freda kyrkje, såframt biskopen seier ja. For dei listeførte kyrkjene er det biskopen som godkjenner etter å ha konsultert Riksantikvaren. Dette er heimla i rundskriv Q06/2020 Forvaltning av kirke, gravplass og kirkens omgivelser som kulturminne og kulturmiljø.
I dag er alle kulturminne frå før reformasjonen i 1537 automatisk freda. Kulturmiljølovutvalet foreslår å flytte denne grensa til 1650. For kyrkjer ynskjer dei at også bygg reist til og med 1850 skal verte freda gjennom loven, i tråd med eit tidlegare forslag frå Riksantikvaren. Nyare kyrkjer (enn 1850) bør framleis kunne verte freda gjennom vedtak, på same måte som alle andre bygg, meiner utvalet.
Dette tyder at kyrkjer enten vil vere enten freda (grunna alder eller vedtak) eller ikkje, og at den einaste særregelen for kyrkjebygg er at grensa vert sett ved 1850 i staden for 1650 – dersom forslaget frå utvalet vert vedteke i Stortinget.
– Vil lese utgreiinga nøye
Kulturmiljølovutvalet vil også styrke fylkeskommunanes rolle i kulturmiljøforvaltninga. Forslaget til ny lovtekst gjev fylkeskommunen mynde til å gjere vedtak i ei rekke saker.
Utgreiinga vil verte sendt på høyring, men departementet har foreløpig ikkje sagt når dette skal skje.
– Vi er nøgde med at utvalet har ferdigstilla arbeidet, og vi vil lese utgreiinga nøye. Vi kjem til å gå ut med synspunkta våre, både på nettsida og seinare i form av eit høyringssvar, seier administrerande direktør i Hovedorganisasjonen KA, Marit Halvorsen Hougsnæs.